top of page
  • Skaperkraft Valdres

Slik kan teknologi skapa ei meir berekraftig verd

Oppdatert: 25. okt. 2021

Tidlegare om sommaren annonserte Skaperkraft Valdres oppstarten av prosjektet Plastpuls, som skal gje kompetanse på både teknologi og berekraft ved å resirkulera plast i Valdres. På jakt etter inspirasjon og kunnskap reiste Skaperkraft Valdres sine tilsette til NTNU i Gjøvik, og deretter til Wecycle i Oslo, med eit spørsmål i hodet: korleis kan teknologi gjera framtida meir berekraftig?


industri 4.0
Industri 4.0 produksjonslinje på Ntnu i Gjøvik

Den vanlege produksjonskjeden er basert på overproduksjon. Ein andel av varene som er i butikken vert kjøpt av kundane; resten vert til avfall utan å ha vore brukt nokon gong. Ved Instituttet for vareproduksjon og byggeteknikk i NTNU i Gjøvik er framtidas metoder for produkjson kontinuerlig utforska, med fokus på berekraftige løysingar. Der fekk me anledning til å sjå ei industri 4.0 produksjonslinje: maskinene kommuniserer med kvarandre for å laga produkt tilpassa kunden. Dvs. at du bestiller eit produkt på internett akkurat som du vil ha han, og bare då startar produksjonen! Industri 4.0 gjer at desse varene som i dag vert produserte og aldri seld, bare forsvinn.


Takka vera teknologi, slepp kunden å tilpassa seg produktet, fordi det er produktet som tilpassar seg kunden.

I labbene på NTNU i Gjøvik såg me også ein heil rekkje med 3D-printarar, som blant anna kunne 3D-printa titan. 3D-printing, også kalt “additiv produksjon”, produserer veldig lite avkapp. Det er i seg sjølv miljøvenleg. Me skal ikkje nekta at alt utstyret sjølv var veldig imponerande. Men det som virkelig inspirerte oss, var guiden vår Tor Eirik Nicolaisen sin humanistisk visjon for framtidas vareproduksjon. Digitalisering av industrien plasserer mennesket i sentrum. Takka vera teknologien, slepp kunden å tilpassa seg produktet, fordi det er produktet som tilpassar seg kunden. T.d. har studentar utvikla handleddsortoser som vart laga etter kroppen til pasientar, ved hjelp av 3D-scanning og 3D-printing.

3D-printa håndleddsortose

For produksjonen betyr samarbeidet mellom maskiner og menneskje at industrijobben vert mindre slitande. Me elskar ideen om at samarbeidet med maskinene skal føra til eit betre liv også for dei som arbeider i produksjonslinja.

Betre produksjonsmetoder skal det verta. Men kva gjer me med fjella av avfall som ligg på jorda og øyane av avfall som flyt i havet? Igjen kan teknologi vera løysinga. Materialet som er både den meste populære og den meste upopulære i verda, nemleg plast, er blitt eit anerkjent problem. Plasten har kome for å bli, fordi han har fantastiske eigenskapar. Og sjølvsagt kan han resirkulerast. Diverre, kan han ikkje resirkulerast uendeleg. Men til og med i ei verd der 40 % av plasten er brukt bare ein gong, fins det håp når me snur oss mot dei rette menneskjene. På NTNU i Gjøvik forskar dei bl.a. på kompositter som vert 100% resirkulerbare.

Til denne miljøvenlege kompositten kjem til marknaden, slåss Wecycle i kamp mot eingongsbruk av plast. Dei gjev verdi til plastavfall ved resirkulering. Når vi menneskje produserer plast uansett, er me forplikta til å bruke han så lenge som mogleg før han vert sendt til energigjenvinning.


Wecycle resirkulerer godteribokser til fliser

Denne dagen skjønte me at her er det mykje å henta for Valdres. NTNU i Gjøvik har eit fantastisk fagmiljø for opptimalisering av alle slags prosessar, alt frå landbruk til husbygging og hofteledd. Mens NTNU Trondheim satsar på samarbeid med store selskap, har NTNU i Gjøvik mål om å vera best på samarbeid med små bedrifter. Vil du hiva deg inn i framtidas vareproduksjon frå Valdres, kan du gjera det med god faglig støtte.





Følg med for oppdatering om prosjekta våre på nettsida vår! Me er også på Facebook.


bottom of page