top of page
  • Skaperkraft Valdres

8 musikarar som byggjer instrument sjølve – det kan du òg gjera!

Oppdatert: 25. okt. 2021

Følgjer du med på kva som skjer på Jokerspace, har du kanskje sett at Valdres no har fått eit Elektronisk musikklag. Litt før sommaren starta bandet med å laga eigne musikkinstrument, etter initiativ frå Dominik Schmidt-Philipp. Her er ei liste med 8 musikarar som kan inspirera deg til å komma i gang sjølv med instrumentbygging:


1. Moritz Simon Geist

I installasjonane til tyskaren Moritz Simon Geist er det robotar som spelar musikk. Motorar er programmerte for å spela techno! På konsert styrer han musikkrobotar han har bygd sjølv.


2. Mezerg

Mezerg byggjer og spelar på hybride instrument som kombinerer synthetizer, tromme og theremin. Det siste instrumentet blir spelt med rørsler, men utan å røre instrumentet! Theremin vart oppfunne i 1928 av Leon... Theremin.


3. Koka

På skaparverkstaden Bitraf i Oslo har Koka bygd fleire instrument. Han er musikk-designer. I dei fine instrumenta han byggjer, er møtest musikk, skulptur, elektronikk og programmering.


4. Erik Natanael Gustafsson

Musikkinstrumentet Neod følgjer rørslene til hendene til brukaren. Instrumentet omset rørslene til lydar. Høyr Gustafsson spela folkemusikk på hans overjordiske instrument:


5. Wintergatan

Den nordiske gruppa Wintergatan har utvikla ein stor musikkboks som dei har kalla “Marble machine”. Instrumentet brukar 2 000 små kuller, eller "marbles" på engelsk.


6. Jacques

Jacques er kjent for å laga musikk med kvardagsting og -tang. Sykkel, telefonkatalog, stempel… under ein konsert kan du gje han kva som helst, og han brukar det som instrument. Han brukar små kontaktmikrofonar for å ta opp vibrasjonar frå objekta han spelar musikk på. Resultatet er ein fantastisk “beat” som mange i Frankrike dansar etter. Kontaktmikrofon kan du byggja sjølv med bare 2 elektriske komponentar, som me har liggande i Jokerspace! Det kan du byggja sjølv når som helst, bare spør når du kjem på besøk.


7. Captain Credible

Captain Credible blandar micro:bit og Arduino, som ofte er i bruk i skulen til undervising av programmering, for å laga svære musikalske installasjonar. Han opnar døra til tverrfaglege opplegg i skulen, som blandar bl.a. matematikk, sløyd og musikk.


8. Peter Vogel

Instrumenta til Peter Vogel virkar magiske: musikaren spelar musikk på avstand! Instrumenta er bygd av elektriske komponentar som reagerer med bl.a. variasjon i lysnivå.


Har du lyst til å prøva deg på å byggja instrument? Heimefrå kan du laga ein gjer-det-sjølv Kalimba (oppskrift på engelsk).


Ellers så kan du treffa fleire entusiastar på Jokerspace! Det er bare å ta kontakt med Dominik Schmidt-Philipp på tlf. 93857716. Laget møtast annakvar laurdag kl.13:30–16:30 på Jokerspace, Ryfoss. Datoane finn du i kalenderen på heimesida vår.

bottom of page