- Skaperkraft Valdres
Oppfinnarklubben – oppstart for 5. klasse i august -23.
Oppfinnarklubben – ein stad for å leike og lære med teknologi.
Frå skulestart til haustferien er Oppfinnarklubben gratis og eksklusivt for 5.-klassingar. Då skal dei fyrst bygge såpeboblemaskinar. Det gir erfaring med laserkutting, elektronikk, koding og såpebobler. Du kan sjå ei slik her: www.youtube.com/shorts/AP_QK3GazZY.
Etter det blir det utforsking av Bit:Bot XL. Med den kan ein til dømes ha billøp, eller ballongkrig.

Tid og stad
Måndagar 15:15 – 16:45
28. august – 2. oktober
Jokerspace Ryfoss
Skulebussane frå Slidre og Vang snur rett utanfor døra.
Påmelding skjer til kulturskulerektor i Vestre Slidre:
E-post: gudbrand.heiene@vestre-slidre.kommune.no
Oppfinnarklubben er eit samarbeid mellom Vang Kulturskule, Vestre Slidre kulturskule og Skaperkraft Valdres.
Etter haustferien blir Oppfinnarklubben for alle frå 5. klasse og oppover.